Evig Ung, Høyanger Samfunnshus

Arrangementsinformasjon
Default file 1485367947


I teaterframsyninga "Evig Ung" flyttar vi  40 år fram i tid til 2057, og Sogn og Fjordan Teater fungerer no som ein gamleheim for tidlegare skodespelarar. Dei avdanka skodespelarane har resignert mot overformynderi og nedlatande aktiviseringstiltak - heilt til pleiarane snur ryggen til. For under den trøytte overflata murrar ekkoet frå ei tid då dei var radikale og opprørske. Og når pleiarane ikkje ser og ikkje høyrer, vert dei indre rebellane vekte til live att. Det bryt ut song, latter og dans, og dei presterer som dei gjorde på scena for 40 år sidan. Det er framleis mykje saft og kraft i desse kroppane, og dei er slett ikkje så resignert som det kan sjå ut som. Når ingen ser dei, minnest dei karrierane sine og tida på Sogn og Fjordane Teater gjennom song og musikk. Ved pianoet på scena finn vi pianist Harald Dahlstrøm, som akkompagnerer skodespelarane i kjende pop- og rockelåtar frå dei siste 50 åra. Songane vi kjenner så godt er blant anna «You can leave your hat on»,  «I love rock and roll», «Stayin alive» og «I got you babe». Lokale folkekjære songar finn også sin plass i denne framsyninga. 

Då Erik Gedeons komedie, "Evig Ung" blei laga første gong klarte eit økonomisk pressa teater i Sverige å fylle setene og begeistre publikum med sin vitale sjarmoffensiv. Blant fleire legendariske hits peikar ” I will survive” seg kanskje sterkast ut som betegnande for livsviljen som står så sentralt i dette stoffet. I latteren, varmen og gjenkjenninga som denne framsyninga byr på, ligg det ei påminning om at vi aldri må resignere og slutte med å uttrykke oss. Og at i pressa tider står vi best saman. Sidan den gongen har fleire versjonar møtt sitt publikum rundt om i verda. Og Sogn og Fjordane Teater sin "Evig Ung" er nettopp Sogn og Fjordane Teater sin. Den er ein hyllest til tidlegare framsyningar, eit høve til å dyrke felles minne og nynne med på ein song. Og mellom latter, singalong  og musikalske perler ligg også eit varsku om at vi må hugse å verne om desse stundene. Hugse å sjå framover også når vi minnest, så vi kan trygge rammene for å dele opplevingar, kunst og kultur med kvarandre, også i framtida. 


sognogfjordaneteater
evigung
idunlosnegård
elisabethmoberg
turne
musikk
musikalsk
komedie
høyanger
samfunnshus

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte