Fugletribunalet, Belehalli Balestrand

Arrangementsinformasjon
Default file 1497515785

I Fugletribunalet treff vi Allis. Hendingar i livet hennar har gjort henne sky og sjølvstraffande. Ho er på flukt frå sitt eige liv. I ein avsides vestlandsfjord finn ho eit nytt tilvære med den mystiske Sigurd Bagge. Akkurat som ho, ber Bagge også på ei hending han sonar. Som Bagge si hushjelp, deler ho hans heim og eit taust felleskap. Etterkvart som tida går, vert to ting meir og meir påtrengande. Det eine er at Bagge skjuler ein stor løyndom. Det andre er at dragninga mot han setter djupare og djupare spor i henne. Fugletribunalet er ei thrillerprega og lada forteljing om skuld og utfriing.

Etter ein sterk debut med "Veke 53", sette forfattar Agnes Ravatn seg tydeleg på kartet som ei ny stemme i den vestnorske litteraturen. I sine tekstar går ho tett inn på dei menneskelege vegskilja, og korleis samspel med andre også er sterkt betinga av eige sjølvbilete og livssituasjon. Ho evner å etablere eit blikk som både går ut i samfunn og relasjonar, men samstundes er sterkt forankra i hovudpersonen sin sjølvrefleksjon. Her treff ho noko grunnleggande menneskeleg – og kanskje er det noko av forklaringa på Ravatn si store popularitet. Mange kan kjenne seg igjen i karakterane hennar. 

Av: Agnes Ravatn
Dramatisert av: Ingrid Weme Nilsen
Regi: Trond Lie
Scenografi/ kostyme: Kari Gravklev
Lysdesign: Krystian Myska

Medverkande:
Anne E. Kokkinn
Anne Guri Tvedt
Atle Hoff
Kyrre Eikås Ottersen
Stephanie Mowinckel

Ta kontakt med Sogn og Fjordane Teater for kjøp av gruppebillettar:

5+ billettar kr 250 pr billett
15 + billettar kr 180 pr billett

balestrand
sognogfjordane
sognogfjordaneteater
agnesravatn
fugletribunalet
teater
belehalli
krim

Ansvarsfraskrivelse

Kjøpte billettar vert ikkje refunderte.